STILLINGSANNONSE:

SKL søkjer Ingeniør/Teknikar, Elektro

Ynskjer du å arbeida med rein fornybar energi i eit selskap med ein klar vekst- og satsingsstrategi på vasskraft midt i hjarta av Sunnhordland? Då bør du lese vidare.

Mer info:

Kontakt:

Avdelingsleiar Arne Helleland

Telefon: 97 55 60 33

E-post: [email protected]

Send din søknad til: [email protected]

Søknadsfrist: 1. januar 2020

Nettside

Facebookgruppe for ledige stillinger

Sunnhordland Kraftlag AS produserar om lag 1,75 % av all norsk vasskraft, der Blådalsvassdraget og Litledalsvassdraget står for største delen av produksjonen. I tillegg er vi ein betydeleg regional aktør innan småkraft. Vi er i dag er vi 56 engasjerte medarbeidarar lokalisert på Leirvik – Stord (HK), Matre - Kvinnherad og Litledalen – Etne.

Selskapet er ein solid aktør i ein solid bransje, og er no inne i ein fase med betydeleg nybyggingsaktivitet, der prosjekt Løkjelsvatn kraftverk og fleire småkraft prosjekt er pågåande. I tillegg til nybyggingsaktiviteten er det ein høg drifts- og vedlikehaldsaktivitet i våre anlegg, der utvikling av framtidas vedlikehald står sentralt.

Avdeling TD&V søker etter elektroingeniør/teknikar. Avdelinga har ansvaret for teknisk drift & vedlikehald av selskapet sine vasskraftanlegg. Gruppa som stillinga tilhøyrer består av teknisk personell.

Vi søker ein strukturert person som tar initiativ og bidrar til å heve selskapet sin kompetanse innan vedlikehaldsoptimalisering, digitalisering og analyse. Kandidaten må kunne arbeida sjølvstendig og væra førebudd på ein variert arbeidskvardag.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehaldsplanlegging elektrofag
  • Delta i SKL sin digitaliseringsstrategi og feilanalyse av driftsdata
  • Oppfølging av vedlikehalds- og oppgraderingsprosjekt i våre kraftverk
  • Systemansvarleg for våre FDV system
  • Teknisk dokumentasjon og el-skjema

Kvalifikasjonar:

  • Ingeniørutdanning eller teknisk fagskole innan elkraft/automasjon. Anna relevant bakgrunn vil også bli vurdert
  • God kjennskap til IT-system og EKOM nett er ynskjeleg
  • Kjennskap til eller erfaring med kontrollanlegg og PLS-programmering
  • God kjennskap til MS Office
  • Allsidig interesse for praktisk ingeniørarbeid, digitalisering og analyse
  • Du er løysingsorientert, arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Det er en fordel med erfaring frå vasskraft eller anna relevant verksemd

Vi kan tilby:

  • Eit godt og hektisk arbeidsmiljø
  • Ein stabil og framtidsretta arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktig lønn og pensjonsvilkår lokalsamfunnet.

Oppmøteplass vil vera Matre i Kvinnherad Kommune.


Om SKL

SKL jobbar med fornybar, rein energi. Vasskraft. Fordi det er naturleg og bærekraftig. Me forvaltar våre felles naturressursar og gjev energi attende til lokalsamfunnet.