STILLINGSANNONSE:

SKL søkjer forretningsutviklar ny-fornybar

SKL har auka produksjonen av fornybar energi frå vasskraft samanhengande i 30 år, det vil sei i om lag heile ditt liv.

Mer info:

Kontaktperson:

Avdelingsleiar Kjetil Harestad

mobil 97 55 60 49

Mail: [email protected]

Send søknad innan 1. januar 2020. til [email protected]

Nettside

Facebookgruppe for ledige stillinger

SKL er mellom dei 10 større kraftprodusentane i landet. Me har framleis stort fokus på vekst innan fornybar energi, og ser potensiale for vekst også utanfor vasskraft. SKL arbeider mellom anna med hydrogen for å flytte fossilt energiforbruk over på fornybare kjelder.

Me vil ha fleire med på laget som trur at ei grøn og fornybar framtid gjev oss unike fordelar. Saman skal me vidareutvikla forretningsmodellar og strategiske alliansar for å realisera nye prosjekt innan kjent og ny teknologi.

Di rolle er å leia, bidra til, og gjennomføra strategiske utviklingsprosjekt. Du er ein del av teamet som jobbar med å ta oss vidare, og blir sentral i selskapet sine målsetningar knytt til utvikling og vekst. Du har god teknologi- og kommersiell forståing, har relevant høgare utdanning og nokre års erfaring frå industri, konsulentverksemd, forretningsutvikling og/eller prosjektleiing. Du er ein relasjonsbyggar og lagspelar, har eiga drivkraft til å kalkulere, analysere og gjennomføre prosjekt for å nå måla som vert sett.

Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande prat om stillinga.


Om SKL

SKL jobbar med fornybar, rein energi. Vasskraft. Fordi det er naturleg og berekraftig. Me forvaltar våre felles naturressursar og gjev energi attende til lokalsamfunnet.