Stillingsannonse:

Skjåk Energi søker konsernsjef/dagleg leiar

Søknadsfrist: 04.10:2021.

Mer info

Plassering: Skjåk

Selskap: Skjåk Energi AS

Les mer: sken.no


Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036 eller styreleiar Hans Sæther tlf. 909 61 361.

Søk på stillinga på snarast, og seinast innan 04.10.2021.

Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg og overfor oppdragsgivar.

Søk her

Skjåk Energi skal vere ein framtidsretta verdiskapar med kunderetta verksemd innan fornybar energi, infrastruktur og tilknytte tenester innan marknaden vår.

Vi søkjer ein tydeleg og løysingsorientert leiar, som saman med styret skal leie den vidare utviklinga av Skjåk Energi. Konsernsjefen skal ha det overordna resultat- og personalansvaret, og vil ha ansvar for å realisere strategien til konsernet. Du skal sikre kontinuitet og utvikling både internt og eksternt, og sjå til at samarbeid og prosessar tek vare på både forankring og framdrift.

Vi ser etter ein person som trivst og motiverast av både operativt og strategisk arbeid, og som har sterk gjennomføringsevne og gode resultat å vise til når det gjeld både operativ leiing og forretningsutvikling.

Den vi søkjer har helst høgare utdanning og/eller relevant bransjeerfaring. Rette vedkomande er involverande og relasjonssterk, og skal vere ein rollemodell som skapar truverd hjå tilsette, eigar og styret. Vi verdset initiativ og gjennomføringskraft. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er ein føresetnad.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Skjåk Energi med dotterselskap er ein organisasjon med stort potensial, der Konsernsjefen vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.