Stillingsannonse:
Dagleg leiar for Austevoll Kraftlag SA
Søknadsfrist: 25 april 2021.
Vi søker etter en strategisk og handlekraftig leder for å utvikle Austevoll kraftlag.
Kraftbransjen er i rivande utvikling og Austevoll Kraftlag er ei svært viktig verksemd for Austevoll. Me ser difor etter ein drivande, handlekraftig og strategisk leiar med god innsikt i kraftbransjen til å utvikle konsernet og selskapa som inngår.
Austevoll Kraftlag er organisert som konsern og rolla som dagleg leiar har eit breitt ansvarsområde som omfattar heilskapleg ansvar for lønsemd, driftsansvar av Havnett og Austevoll vatn og avløp (AVA), strategisk forretningsutvikling av produkt, allianser og selskapsportefølje og næringspolitisk arbeid. Det er viktig å ha god innsikt i kva samfunnet treng av energi og infrastruktur og korleis kraftsektoren utviklar seg i regionen.
Dagleg leiar rapporterer til styret og har tre direkterapporterande mellomleiarar. Det er til saman 50 tilsette i selskapa som utgjer konsernet.
Vi ser etter ein leiar som brenn for å ruste ei svært viktig verksemd for Austevoll for framtida, men som også vert motivert av å ta det operative ansvaret for å sikre god drift og naudsynt fornying av infrastrukturen i ein kommune med eit sterkt og høgkompetent næringsliv.
Aktuelle kandidatar for stillinga har gjerne høgare utdanning, leiarerfaring, interesse for og innsikt i kraftbransjen generelt og kraftnett spesielt. Erfaring frå selskapsutvikling og/eller porteføljestyring er verdifullt. For å lukkast i stillinga må ein kommunisere tydeleg, skape gode relasjoner og vere både trygg og utviklande i leiarrolla.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og ei spennande utfordring i eit miljø med mange dyktige fagfolk i ein kommune i stor utvikling. Arbeidsstad for stillinga er i Austevoll og det er ynskjeleg at ny dagleg leiar er busett eller ynskjer å busette seg i kommunen.
For spørsmål om stillinga, kontakt styreleiar Andreas Iversen på 900 40 157, Jefferson Wells ved Hege Solbakken på 91104141 eller Charlotte Hageberg på 993 31 312. All kontakt vil bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar i innleiande fase.